
LIVET
No har vi vore i Senegal i to veker, og vi likar det. Vi har så vidt byrja i arbeidet vi skal vere med på. Vi har vore nokre dagar innom sentera der vi skal jobbe, og vi har vore å besøkt sentera der dei to andre skal jobbe. Vi har fått vite at vi skal arbeide litt på begge sentra, men i hovudsak skal Linda og Cecilie arbeide saman på eit lite senter, og Liva og Jeanett på eit som er litt større. På sentera kjem det gategutar i alderen 5-25 år, og dei får i løpet av dagen mat, helsestell og ein kjekk plass å vere om dagen. Dagane på sentera går, for vår del, mykje til leiking og aktivitetar med gutane. Vi spelar mykje fotball, uno, dam, basketball og andre kjekke greier. I tillegg har dei undevisning i fransk og andre aktuelle tema. Sjølv om vi ikkje forstår så mykje endå, er det interessant å følje med på.

Det er ikkje berre gutane som lærar fransk, vi har og starta med franskundervisning. Interessante greier. I teorien kan vi til no telje til ein milliard, gå på restaurant, ta taxi, fortelje om oss sjølv og ha svært overflatiske samtalar på fransk. La oss presisere at dette er i teorien. Vi har svetta mykje. Vi har sett store delar av byen og sjølv om vi fortsatt syns alt ser likt ut, har vi i det minste lært oss å ta taxi på eigenhand.
Forrige fredag var vi ein tur på marknaden. Det var sanneleg ei spanande oppleving. Allereie i det vi trådde ut av taxien hadde vi anskaffa oss ein grei fanskare som ville guide oss rundt i gatene. Til og med då vi gjekk inn på ein butikk (mykje for å riste dei av oss) stod dei utanfor å venta då vi var ferdige. Etter eit raskt besøk på butikken dei sjølv eigde, lot dei oss vere i fred. Vidare møtte vi ein rekke tilfeldige personar, som fotfulgte oss og snakka til oss som om dei hadde kjend oss i førti år. Vi avslutta marknadsøkta med ein god is på N’ice-cream.
Korleis har kvar enkelt det?
«Eg har det veldig bra. Gleder meg veldig til me får tilbake vatnet i leiligheten. Blir digg å få vaska litt kle» - Cecilie, 19 år
«Har det svært bra! Trivs meget godt på senteret ilag med gutane der. Nyter livet!» - Jeanett, 19 år
«Eg har det fint, og gleiar meg til vi får vaska klede» - Linda, 19 år
«Jeg har det fint. Jeg har det veldig bra. Jeg har det tipptopp. Konge! Er ikke et problem at jeg av høflighet må si ‘ca va bien’ når folk spør, for jeg har det så bra.» - Liv Andrea, 19 år
Bønneemner
- Fransken vår
- Gutane på sentera
- Vertsfamiliane, at den gode kjemien må vedvare
- Be for kirka vi går i





















